Pigen Paa Anatomikannet Analysis

1036 Words3 Pages

DEL A Pigen paa Anatomikammeret «Pigen paa Anatomikammeret» er eit dikt frå 1837, skrive av Henrik Wergeland. Det handlar om ein eg-person som er med på disseksjonen av ei jente på eit anatomikammer. Eg-personen kjenne att denne jenta, og gjennom diktet får ein eit innblikk i eg-personens tankar om jenta og samfunnet. I sjølve situasjonen i diktet møter vi ein eg-person som er med på ein disseksjon av ei ung jente, og eg-personen kjenne att ho frå barndommen sin. Det kjem fram at jenta var fattig, mens eg-personen var av de fornemme folka; «før altfor høit min Skulder steeg», dette er ein metafor som kan tolkast som at han steg høgare på rangstigen. Anatomikammeret verkar som ein allegori, eller eit bilete på dei sosiale forholda i samfunnet. Diktet inneheld mange metaforar, og allereie i første strofe finner ein eit eksempel på dette: «O, der er rædsom Vittighed i Lampens Blik, som stirrer ned paa denne døde Smerte». Dette uttrykket er ein metafor for klasseskiljet, og allmenten sitt skarpe blikk som er nedlatande mot jenta. Kniven som dei skal bruke til å skjære i jenta med, er ein metafor for den sosiale volden ho blei utsatt for i livet sitt. Jenta skildrast også gjennom blomstermetaforar, «maanedsrosens pragt forgaae», forteljar om ein kortvarig skjønnheit. Tema for diktet er sosiale forskjellar og sosial vold, i tillegg til klasseskilje. Ein kan seie at diktet er eit bilete på Wergeland si sosiale samvit, fordi han alltid støtta dei fattige og vanskelegstilte menneska i samfunnet. DEL B, OPPGÅVE 2 Ein trenger ekte kjærleik «Denne mannen og denne kvinna» frå 2005 er skrive av Anna Gavalda, og er ei novelle frå novellesamlinga «Eg vil at nokon skal vente på meg». Novella handlar om ein mann og ei kvinne som er svært ri... ... middle of paper ... ... lykkeleg. Eg meiner at ein treng meir enn pengar for å vere lykkeleg, ein treng kjærleik. Masse kjærleik. Verken mannen eller kvinna var lykkelege. Mannen var sur fordi han elska nesten aldri meir med kona, og kvinna var sur fordi hu ikkje følte seg elska. Eg trur forfattaren prøver å fortelja oss at å leve i eit kjærleikslaust ekteskap ikkje er sunt, og at pengar er ikkje alt her i verda. Eg likte novella godt, den kan vere litt kjeisam til tider, men bodskapet er så bra. Bodskapet er så utrolig viktig, og det er viktig at folk forstår bodskapet, derfor likte eg denne novella. Eg trur faktisk at denne novella er like gyldig i dag, som den kunne ha vore for 50 eller 100 eller 500 år sida. Fordi folk har alltid trudd, og vil alltid tro at pengar og rikdom betyr lykke, men det er ikkje det einaste ein må ha for å vere lykkeleg. Ein treng ekte kjærleik òg.

Open Document